Villaks – felles arv – felles ansvar!


Laksen har vore på jorda i millionar av år – mykje lenger enn mennesket. Han er ein av dei fyrste innvandrarane til Noreg etter istida. Han har vore ei viktig matkjelde og viktig for busetnad langs elvar, fjordar og kyst.

Det har aldri vore så lite laks i elvar og sjø som no. Han er trua i heile leveområdet sitt. Vår aktivitet påverkar klima og vassføring, me grev i og fyller ut elvar, me skapar utslepp og forureining til luft og vatn, me fiskar han og me brukar han som husdyr gjennom oppdrett.

Samstundes er det ingen som eig laksen, men han er vår. Han er vår felles arv og vårt felles ansvar. Difor må me engasjere og bry oss, om me skal ha han i elvane våre også i framtida.

 

Foto: Audun Richardsen

Foto: Audun Richardsen