«Stjernesmellen» utrydda dinosaurane, men ikke laksen
Laksen sin forgjengar er 80 millionar år gamal. «Stjernesmellen» for 65 millionar år sidan utrydda dinosaurane og halvparten av alle artar. Laksen overlevde ved å ta havet i bruk for å finne nok mat. Landheving etter siste istid førte til at nokre laksar lever heile livet i ferskvatn.
72 % av jorda er dekt med vatn. Fisk lever i vatn – nokre i saltvatn, andre i ferskvatn. Alle fiskar har eit felles utgangspunkt. Over tid har dei utvikla seg til ulike artar og familiar. Livet til laksen starta i ferskvatn.
Ved å studere arvestoffa våre – altså gena, byggesteinane som bestemmer om vi blir menneske, dyr eller fisk – kan vi finne ut når ein art blei til. Halvparten av arvestoffa får vi frå mor, den andre halvparten frå far.
For meir enn 100 millionar år sidan begynte det vi i dag kjenner som gjedde og laks, å utvikle seg i ulike retningar.
For 80 millionar år sidan blei det lagt eit helt spesielt egg. Ut av egget kom ein fisk med alle arvestoffa frå både mor og far. Han var forgjengaren til all laksefisk – ein genetisk mutant. Denne doblinga av arvestoffa, såkalla genduplisering, gjorde fisken betre i stand til å tilpasse seg.
For 65 millionar år sidan blei jorda utsett for ein «stjernesmell» . Ein 15 kilometer brei asteroide trefte jorda. Meir enn halvparten av alle levande artar blei utrydda. Dinosaurane døydde, men fiskane tilpassa seg – og overlevde.
For 50 millionar år sidan skilde harrslekta og kvitfiskar seg ut frå laksetreet. Det første fossilet, av ein 15 centimeter lang laksefisk, blei funne i Nord-Amerika. Det er 50 millionar år gamalt.
Ein eller annan gong for 50 til 20 millionar år sidan tvinga truleg eit stadig kaldare klima fisken til å vandre frå ferskvatn til hav for å finne mat nok til å overleve og vekse. Fiskar som vandrar mellom fersk og saltvatn i løpet av livet, kallar vi for anadrome.
For 20 millionar år sidan blei nokre laksar isolerte på vestsida av det amerikanske kontinentet. Det førte til delinga mellom stillehavslaks og atlantisk laks.
For mellom 5 og 10 millionar år sidan skilde auren, røya og laksen lag. Røya truleg noko før auren.
For om lag 2 millionar år sidan blei laksen som vandrar ut i Atlanterhavet (atlantisk laks), til den laksen vi kjenner i dag.
For om lag 10 000 år sidan, så snart elvene i Noreg blei danna etter siste istid, etablerte røya, laksen og auren seg i dei.
Etter kvart som isen smelta, heva landet seg. Landhevinga for 9500 år sidan førte til at laksar blei isolerte i ferskvatn på fire stader i Noreg. To av desse laksane, namsblanken og byglandsbleka, er her framleis. Dei høyrer begge til arten atlantisk laks, men har «rykt tilbake til start» og igjen tilpassa seg til eit heilt liv i ferskvatn. Vi kallar dei for relikte laksebestandar.